31 October 2012

Jeg tror jeg dør...

Og det er takket være Tholo på facebook! Han er en selverklært bygdetulling som får folk til å krepere av latter. Jeg ærlig og rederlig bøffer denne og linker til intervjuet i samme runde, rett og slett fordi jeg ler så pusekatt hopper på magen min her.


NYSE-HISTORIA (I 18 TRINN!) LES DU HER:

At små ting kan få store ringvirkningar…I dag: EIT NYS!
Eit nys (a-a-a-a-a-ATSJOOOOO!!!!!!),CA 2 SEKUNDAR!! kan delast inn I fleire sekvensar.
STARTEN:  
Kribling i nasa /ganen og små muskelsammentrekningar. På dette tidspunkt vil kroppen min først instinktvis kjempa imot.
2. KAMPEN
Kroppen innser at kampen går mot tap, og hjernen begynnar smått å kartlegga situasjonen.
3. KARTLEGGING
Kartlegging har og fleire underkategoriar:
- Kvar befinner du deg?
- Er det fare for at kroppsveske kan forlata kroppen i upraktisk fart,retning og mengde?
- Ligg du stabilt, eller står du ustødig? (til dømes nys på is kan få fatale følgjer tenker du sikkert, men snart vil du oppdaga at det dei seier om at dei fleste ulykker skjer i heimen,ikkje er tull)
- Er du aleine?
4. MIDLERTIDIG OPPSUMERING
Kroppen og hjernen min har på dette tidspunkt konkludert med følgjande:
- Eg ligg på sofaen (ikkje verste plassen tenkjer du sikkert no)
- Ja, det er fare for at kroppsvesker kan forlata kroppsåpningar i ugunstig fart,retning og mengde.
- Eg ligg på sofaen,men har ein skiveutglidning i ryggen som er heilt på vippepunktet mellom smerte og litt mindre smerte.
- Nei, eg er ikkje aleine.
5. RISIKOANALYSE
Hjernen reknar no ut ein sikkerhetsradius på ca 5 meter for IFO (identifisert flygande objekt) og ca 30 meter sone ang decibel, for å unngå permanent nedsatt hørsel. Innanfor desse sonane befinner det seg i utgangspunktet tre problem:
- Min bedre halvdel ligg å søv ca 15m vekke.
- Eg sjøl er «ground zero».
- Og sist, men ikkje minst…Katten ligg på magen min og søv.
6. SKADEBEGRENSING?
Det er no alvoret begynnar å gå opp for meg. Er det håp om skadebegrensing?
-Kan lyden dempast til eit nivå som gjer at Nina søv vidare og ikkje får permanent nedsatt hørsel? (husk at alt hittil har skjedd på kanskje litt under eit sekund)
-Kan katten flyttast uten å utløysa nyset for tidleg?
-Kan eg stoppa detta nyset?
7. OPPSUMERING-SKADEBEGRENSING
Svar på alt under punkt nr 6: NEI!!!
8.      NYSET!!
- a
- a
- a
- (anar ikkje kvifor det alltid begynnar med a. Trur faktisk det er 100% internasjonalt språk)
- A(stigande volum)
- ATSJOOOOOOOOOOOO!!!!! (antal  O kan variera etter styrke, men på ein skala på 1-10, så er det i dette tilfellet snakk om ein ca 12...)
9. KROPPENS REAKSJON:
I løpet av eit brøkdels sekund,(sjå siste punkt under nr.8) trer kroppens fysiske reaksjon i  kraft.
- Magemusklane trekker eg sammen med ei kraft som er så stor at kroppen går frå vannrett stilling og opp i «banan/foster/krok-stilling»
- Ryggvirvlane bytta plass kjappare en ei godt trent husmor kan ommøblera i sinne
- Testiklane går frå pungen,opp i magen og vert slengt ned att i feil rekkefølgje
- Lyden som kjem ut av munn og nase(og nokon gangar i andre kroppsåpningar),er ca 10 gangar høgare en tidlegare estimert!
- Kropsveske (i dette tilfelle frå bihuler og tårekanalar) forlet kroppen med ein hastihet på godt over 200km/t.
- Augene lukkar seg så evt landingsplass for punktet over er sjeldan lett å finna.
(no tenkjer du sikkert at hendene burde vore brukt som skjold framfor kroppsåpningar for å forhindra IFO. (ref punkt5) …men når du er mann og har ein sovande katt med lange spisse klør liggande på magen som då er i umiddelbar nærhet av vitale organ ein har eit relativt ømt forhold til,så er IFO det siste du tenkjer på der og då.)
- før hendene har kome halvegs ned for å fungera som susp og vakt for familiejuvelane,h ar katten våkna. 
10. KATTEN VÅKNAR
På 20 % av tida eg har brukt på nyset hittil klarar katten følgjande
- Våkna
- Få augene heilt opp
- Gå frå fosterstilling til fluktstartposisjon
-FÅ UT ALLE KLØR
- akslerera frå 0-40km/t i ein 180grd sving på 0,03 sekund
- planlegga og utføra fluktruta i motsatt retning av der lyd og IFO kjem frå
11. KATTENS RETNING
- i fluktruta til katten ligg det to flysjuke, skamslåtte og forvridde testiklar i ein skinnpåse.
12. FAKTA:
-Lengda på klørne til ein katt er lengre enn sammenlagt tjukkelse på joggebukse, boksershorts OG skinn på «påsen»
13. FØLGESKADER
- Kroppen gjer frå seg eit brøl som er ca 20 gangar så høgt som støyen frå nyset.(sjå siste del punkt 8 og gang opp med 20)
- Når kroppen er på veg tilbake i opprinnleg vannrett stilling,er katten allerede på veg mot vinduet.
- På vegen til vinduet(i luftlinje),står det ein kaffikopp på eit bord ,på eit teppe.
- Når katten har passert hjørna på stereobenken der det står ei potteplante, har kaffien funne vegen ned i teppet.
- Lyden av potteplanta som treff golvet, får katten til å gå fra maxfart til faktisk å bryta lydmuren retning vinduet.
14. MEIR FAKTA
- Vinduet er ikkje åpent.
- Katten har ikkje registrert punktet over.(ikkje fordi han ikkje kan lesa,men fordi han er døv og har nettop brutt lydmuren i håp om å redda livet sitt)
- Vinduet er over vasken på kjøkkendisken
- I vasken ligg det div lagt i bløyt i zalovatn
- Kattar kan ikkje springa gjennom vindu som ikkje er åpne
- Kattar veit ikkje det i punktet over
- Kattar har sjelden ein «plan-B»
- Kattar likar ikkje å fly baklengs,halvt svimeslått oppi ein vask med zalovatn
- Kattar kan ikkje gå på vatn
- Kattar kan komma seg opp av ein vask,gjennom restane av ei potteplante,og opp på eit bord,på ca 2 sekund.
- Bord med kaffisøl er glatte.
- Når det er glatt tar kattar ut klørne
- Klør på glatta gjer ikkje bedre styring
- Sofaen er fortsatt rett bak bordet
- i sofaen ligg eg i sjokktilstand etter fakta(og vitenskaplig bevis) fra punkt 12
15. KATTEN KJEM TILBAKE
 - Klok av skade sleng eg hendene som eit skjold over det som ein gang var eit uskada område på kroppen min.
16. ENDA MEIR FAKTA
- Det er ikkje alltid lurt å slenga hendene  ned på på kroppen.
- Slike panikkhandlingar vert ofte utført med dårleg vurdering av kraft.
- Smerter utløyser lyd (sjå punkt 13)
- Kattar vert skremt av lyd. (sjå punkt13)
- Kattar får panikk av lyd. (sjå punkt 14)
- Kattar har ikkje så god hukommelse. (sjå punkt 14 tom. «kattar kan ikkje gå på vatn)
17. KATTEN GJER OPP
- Katten hoppa roleg opp av vasken.
- Med zaloskum på hovet,tussla han roleg bort til meg der eg ligg og vrir meg i smerter.
- Katten avsluttar med å rista seg oppå eg,slik at eg for sikkerthetskyld vert godt våt og.
18. KONKLUSJON:
- Om du på død og liv må nysa,så husk å åpna vinduet før du hiv ut katten!
- og… IFO kan vera store nok til å skli på om dei vart blanda med kaffisøl på parketten..
- Denne historien er sjølvopplevd og varte i til saman ca 15-20 sekund 
Øystein Bygdetulling Tholo
(Ingen dyr kom fysisk til skade under dette nyset, men er muligens mentalt skada)

No comments: